Takk til Tryggen Larsen, Forbundet KYSTENs grunnleggjar!

Alle i Forbundet KYSTEN har mykje å takke Tryggen Larsen for. Han var det trygge midtpunktet som makta å bera små og spreidde initiativ fram til ein solid tømra og omfangsrik organisasjon med godt fotfeste langs heile kysten. Forbundet KYSTEN sin grunnleggjar, Tryggen Larsen, gikk bort i 2012.

Forbundet KYSTEN feira 25-årsjubileum i 2004 med eit flott landsstemne i Sandefjord. Her er alle forbundets leiare så langt samla. Frå venstre Arne Hole, Tore Berntsen, Per Olaf Lia og Tryggen Larsen. Foto: Bente Foldvik.


Tekst: Jon Bojer Godal

Å starte ei brei folkeleg kystkulturrørsle skjedde ikkje utan motstand. Frå museumshald vart forbundet til dels oppfatta som utidig innblanding i musea sine gjeremål. Til forløparen Båtlaget (sjå nedafor) fekk vi til dømes desse formuleringane frå eitt av musea:    

...Både vårt museum og de andre institusjoner som arbeider med sjøkulturen, har som sitt program de formål som foreningen Båtlaget skal ha til oppgave. Vi kan ikke se hvordan man skal kunne forbedre virksomheten ved å stifte en slik forening…

Svaret til museet vart slik:

...Enten har det oppstått en misforståelse, eller også er Deres opplysninger ganske fantastiske. Jeg er nesten fristet til straks å be om å få en prisliste på forskjellige typer fembøringer, og opplysninger om når kurs i båtbygging, seiling, repslagning, garnbinding, m. v. arrangeres…

Dette var ikkje Tryggen sine ord, men likevel typisk. Vi vart ikkje helsa velkomne over alt. Det skal likevel seiast at svært mange stilte seg positive til ei organisering av aktivitet innafor det som etter kvart fekk namnet kystkultur. Riksantikvaren var mellom dei. Norsk Sjøfartsmuseum med Svein Molaug i førarsetet like eins. Mange var ivrige og dei kom til å prege miljøet i lang tid, vi var mest som ein stor familie.

Det skjedde mykje om lag på same tid. I Danmark hadde Vikingeskibsmuseet i Roskilde kome på plass, og det vart stifta eit Bådelaug for segling med råsegl. I oppstarten var dette med ein nordlandsåttring (1971). I Sverige vart Føreningen Allmogebåtar starta. Først ute her i landet var Båtlaget for bevaring av tradisjonelle norske båttyper, som etter fire år med førebuing vart stifta i 1975. I 1976 fekk vi sjøbrukslinje på Fosen folkehøgskole der segling mellom anna med fembøringen ”Munin” var viktig del av undervisninga. I 1977 kom Foreningen for bevaring av eldre seilfartøyer der Tryggen var sentral, og i 1979 var Arctandria med sete i Tromsø på beina.

Det var ved juletider i 1978 at Tryggen Larsen ringde til meg (av di eg var formann i Båtlaget). Han var rett på sak: ”Dere gjør jo så lite. Skal vi ikke heller slå oss sammen?” Fleire hadde ymta frampå om dette, og den 14. september var samanslåinga eit faktum. Ei løgleg poengtering er skrivinga av namnet på forbundet. Det er ikkje Forbundet kysten, men Forbundet KYSTEN. Livet på og ved kysten er noko stort og viktig.

Det målretta arbeidet med å bygge opp Forbundet KYSTEN var i gang. Tryggen var den målretta strategen. Han forsto å informere viktige personar innan forvaltning og organisasjonsliv. Han forsto å kople sosialt liv til føremålet for forbundet. I denne samanhengen var KYSTEN-stemna viktige. Stemna var også viktige for å gjera oss synlege. I starten var dei orienterte om Austlandet, men i 1989 vart det lagt til Gratangen. Då kom den eksplosive utviklinga. Forbundet vart folkerørsle etter kvart med lokallag langsetter heile den lange kysten vår.

Tryggen Larsen
Tryggen Larsen både bygde og styrte skuta med stø hånd i mange år. Foto: Forbundet KYSTEN

Rett mann på rett plass er viktig når noko skal bli gjort. I dette arbeidet var Tryggen svært tydeleg. Det grensa til einevelde. Vi som sat i valkomiteen fekk ofte beskjed om kven som burde veljast til styre og utval.

Ei fast styring kan skape motsetnader. Det var ikkje alle som sette pris på Tryggen sin måte å leie på. Vi hadde diskusjonar. Det enda som regel med at vi vart samde om å skilja smått frå stort. Tryggen sto for det prinsipielle og dei lange linene i arbeidet. Han sto for noko stort. Då skulle vi ikkje hefte oss borti at det fanst ein og annan knasten.

Ein av dei motsetnadene som oppsto, var tilhøvet mellom det sentrale forbundet og lokallaga. Det låg i Tryggen sin natur å ha ein sentralstyrt organisasjon med mange direkte medlemmer. I startfasa var dette svært viktig. Målretta steg for steg i ei oppbygging var godt sikra då. Med aukande mengd lokallag og på lang sikt i sær, vart denne organisasjonsmodellen ikkje lenger like livskraftig. På strategimøtet i 1983 vart det avgjort å avvikle den direkte medlemskapen der det fanst lokallag. Eg trur ikkje at Tryggen lika dette vedtaket straks det var fatta. Som mann av storsinn, var han etter det eg kan minnast likevel ikkje baksur.

Tryggen hadde sitt daglege arbeid i Miljøverndepartementet. At Forbundet KYSTEN var ein del av miljøvernet var såleis ein underliggjande og sjølvsagt tanke. Å ta vare på vår kultur er å ta vare på vårt forhold til natur og levemåte. Vi fekk eit vakkert land i gåve frå dei som levde før oss. Dette forplikta oss til å stelle like fint med livsgrunnlaget som forgjengarane hadde gjort. Svaret for oss låg i det å føre vidare den kunnskapen som hadde gjort det mogleg å fara så fint.

Som dyktig skribent sytte Tryggen for at bladet KYSTEN var på fote alt i 1979. Dette bladet kom til å spela ei uvurderleg rolle som bindeledd og miljøbyggjar. Som organ for ein miljøorganisasjon kom det difor nærast av seg sjølv at bladet KYSTEN var trykt på gjenbrukspapir i heile den tida Tryggen var redaktør.

Like sjølvsagt var det at lagsarbeidet hadde ein svært praktisk karakter. Stemne, blad og møte var verkemiddel. Det eigentlege arbeidet låg i kvalifikasjon og vidareføring av livsnær kunnskap knytt til livet langsetter strendene frå Iddefjorden til Grense Jakobselv. Det låg i Båtlaget, der det å ro og segle var viktig aktivitet. Det låg på tilsvarande vis til grunn i Foreningen for bevaring av eldre seilfartøyer. Som døme kan vi minne om at temaet på eitt av dei første møta i denne foreininga var: Bygging og reparasjon av eldre trefartøy. Det daglege praktiske arbeidet er framleis den berande bjelken i forbundet.

Vi som fekk den gleda å samarbeide med Tryggen gjennom mange år kjenner på det store tomromet som vart. Vi er glade for å ha fått lov til å stå ved hans side. Vi lærde mykje. Det glederike er at den organisasjonen han med stor kraft bar fram er i vokster. Det piplar og gror i Tryggen sine fotefar over heile landet. Mål og perspektiv han synte oss lever. Minnet om Tryggen manar oss til å halde fast på desse og til å sjå framover.

Artikkelen ble først publisert i tidsskriftet KYSTEN nr. 2 - 2013