Naboar i vest

For tjuefemte gong vart Scottish Traditional Boat Festival avvikla i den lille byen Portsoy i Skottland i juli. Forbundet KYSTEN deltok, og Tove Aurdal Hjellnes rapporterer.

Skotske "skiffs" ved kai i Portsoy under årets festival. Foto: Tove Hjellnes Aurdal
Skotske "skiffs" ved kai i Portsoy under årets festival. Foto: Tove Hjellnes Aurdal
18.07.2018

Dette er festivalen som vert lagt til den helga floda kjem pa tidspunkt som gjer det greit a kome seg ut og inn av hamna når kapproinga finn stad.

Sjølv om festivalen inneheld alt ein festival skal innehalde, som sol, musikk, glade menneske, handverk, mat og godt øl, er det båtane som står i fokus. Det vert kappsegla og kapprodd. Dei litt storre batane ligg i ro i dei to hamnene. På fjøre sjø ligg dei på tørt land. Slik er det her. Skottane er gode på kapproing. I Portsoy ror dei omlag seksti laga utaskjærs i skotske skiffs to dagar til endes. Her er menn- og kvinnelag, mix-lag, ulike aldersgrupper osv. I år var ogsa eit lag fra Nederland med. Dei ror vanlegvis pa innsjøar, og syntest nok det var ei utfordring å ro med Atlanterhavet rett ut.

Festivalen er ein del av nettverket North Sea Ring. Gjennom festivalen har Portsoy målretta bygt opp samfunnet sitt. Dei aller fleste av innbyggarane er pa ein eller annan måte involverte i festivalen, og stoltheit og fellesskap har over åra vakse seg sterkt. For overskotet av festivalen har dei mellom anna restaurert og bygt opp eit lite fiskerimuseum, campingplass, ungdomsherberge og eit båtskot nede ved hamna. Ein ung båtbyggar er nettopp tilsett i båtskotet. Han skal bygge båt saman med skuletrøtte ungdomar, men også ta på seg reparasjonsoppdrag og utvikle nye prosjekt.

På denne festivalen møtest båtbyggarar fra Shetland, Orknøyane og Skottland, folk fra den skotske fyrforeininga, lokale museum og andre som arbeider for a ta vare pa den skotske kyst- og fiskerihistoria. For Forbundet KYSTEN er det forst og fremst kontakta med desse miljøa og enkeltpersonane som er nyttig og interessant. Det er stor interesse for arbeidet med soknaden om a føre nordiske klinkbåttradisjonar inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Skottane skulle gjerne vore med på den soknaden, men dessverre har ikkje Storbritannia ratifisert konvensjonen.

Den freda autolinebaten "Haugefisk" fra Bremanger deltok på festivalen saman med representantar fra landsstyret i Forbundet KYSTEN. "Haugefisk" matte ligge i nabobyen Macduff sidan hamnene i Portsoy er for små og grunne. Med seg hadde dei småbåtar fra Sogn og Fjordane, håndverkarar og utstillingar som synte kystkultur fra Vestlandet.

På den andre sida av Nordsjøen er det mange som arbeider med dei samme problemstillingane som kystlaga og Forbundet KYSTEN gjer. Historiske band, slektskap og naboskap knyttar regionane saman. Mang ein fiskar fra Vestlandet har funne seg kone pa Shetland eller Orknoyane, ogsa i nyare tid. Flyet fra Bergen til Aberdeen tek berre ein time, og snart kjem det direkterute til Orknoyane.

Roger Goodyear er leiar for festivalen. Han og dei andre i Portsoy onskjer eit tettare samarbeid med Norge og Forbundet KYSTEN. Den nye batbyggaren har idear til felles prosjekt som kan styrke kjennskapen og vennskapen mellom miljoa pa kvar si side av Nordsjoen. Det vil styrke kystkulturen og den felles kulturarven om vi kan støtte og lære av kvarandre.