Halsnøybåten
Rekonstruksjon av båtfunnet på Halsnøy frå 1896 – datert tilbake til 100 - 300 år e.Kr.
Johannes G. Eide var initiavtitaker og ledet den første og eneste rekonstruksjonen av Halsnøybåten. Knut Sørnes har bygget den rekonstruerte båten.
Halsnøy – båten, er eit av dei eldste båtfunna i Skandinavia av plankebygde båtar, som er sydde saman med lindebastsnor og som no er rekonstruert i full storleik. Båten hadde kjeipar og vart rodd fram med årar.
I 1896 fann Johannes Jørgensen Tofte restane etter ein gammal båt, under dyrking av ei myr på Buneset, Halsnøy i Sunnhordland. Johannes Silseth, som då var ung student ved Ås landbruksskule, fekk fagfolk til å sjå på funnet. Dei skjøna straks at dette var eit verdifullt funn. Same året, tok B. E. Bendixen initiativ til at funnet vart overlevert Bergen Museum.
Den kjente båtgranskaren Bernhard Færøvik, tok i 1934 for seg restane etter funnet, som på dette tidspunkt, var under oppbevaring på Oldsaksamlinga ved Universitet i Bergen . Han målte opp og laga teikningar av dei resterande delane.
Dette materialet, saman med opplysningar frå inn- og utland, danna grunnlaget for rekonstruksjonen av Halsnøy-båten. Initiativtakar Johannes Eide kontakta Knut Sørnes, og saman starta dei det omfattande arbeidet med å gjenskapa båten i si opphavlege form. Både å finna fram til materialar og byggeteknikkar. Etter dette utarbeidde K. Sørnes i desember 2005 den endelege teikninga av båten. Båtfunnet som er datert tilbake til 100-300 år e. Kr, er ikkje klinka eller nagla, men sydd
saman med lindebasttråd innsett med dyrefeitt og tjøre, og låst med ospekiler i alle saumhola. Mellom bordgangane er det nytta vevd saueull innsett med tjøre og dyrefeitt. Lindebasttau er brukt mellom kjøl og stevn (flatlask), samt til å festa bordgangane til spant og stevn.
Last ned brosjyre om Halsnøybåtprosjektet nedenfor.
Skrevet av Tore Friis-Olsen 09.03.2009 kl. 13:08